| Arbeider med borddekorasjonane |
Øl til maten er det lettaste, så mykje godt øl å velja i mellom til det vesle lammet, alkoholfritt også sjølvsagt.
Akevitten blei Løitens linie sjølv om vi er svorne tilhengjarar av Gammel Opland - den er litt rundare og mildare, men vanskeleg å få tak i. Sidan vi ikkje kjenner fårikålvanane til gjestene våre, fann vi ut at vi burde ha eit vinalternativ til fårikål.
| Vi droppa sitron og tok dill i staden |
Kjøtet var ikkje det enklaste. Til fårikål skal ein ha skikkelege kjøtstykke som toler to-tre timars kok. Det dei kalla ragout-kjøt var for smått og feil skore opp. Vi bestilte fem kilo kjøt blanding av ragout, størrelse plus gros, og epaule - epaule tyder skulder på fransk og på det vesla lammet vårt er det bogen.
Og ja - det er greitt å både kunna litt fransk og elles bruka kroppsspråk når ein skal forklara kor på lammet ein er og korleis stykka skal vera skorne. Vi fann ut av det.
| Slik blei dei - hadde 24 stykke, nydeleg blomsterbukett ikkje sant? |
Eplekake og litt god sjokolade til kaffien etterpå. Fann ei ny oppskrift på detsoteliv.no som er yndlingsnettstaden min når det kjem til kaker, denne var det nellik, kardemomme og ingefær i - jysla god blei ho.
Blomar på bordet må vi ha. Eg kjøpte Calla, noko astersaktig og ein rar tilstelaktig blom til i haustfargar hos ein blomsterhandlar og henta eføy i hagen. og laga tre små dekorasjonar som blei sett etter kvarandre på bordet.Slikt tykkjer eg er kjekt.
| Ferdige borddekorasjonar |
Det blei eit hyggeleg fårikållag likevel, vi får gjera det omatt til neste år..
hallo Idun'
SvarSletthyggelig å se blomsterbildene og høre fra festmiddagen med fårikål i lag med venner iden nye heimen deres. Vi har det bra. hils Tønnes og Elin. Hilsen Marit
Alle helser tilbake. I dag skal vi få tjue grader og sol, ikkje mykje haust nei.
SvarSlettVakre bilder og gode historier Idun. Hyggelig på en sur og travel fredags morgen! Det er vakkert å se Europa, nå når snøen har lagt seg i Bergen og vinterens slaps er begynt. I går måtte jeg flykte hjem mellom snøbyene på sommerdekk - i dag har jeg vinterdekkene på. Her er kaldt og surt. I helgen er det Nynorsk dagar i Auland - kanskje vi kan delta der et år? Flott program! Bjørg
SvarSlettHøyres bra ut. Eg må melda at kaldveret har kome her også, 4 grader i kveld og maks 9 i morgon, men det var godt med den vesle varmen .
SvarSlett