Vinmark - vignoble |
her og der om kor det var lurt å dra, og kva det var lurt å sjå.
Er ikkje langt til Champagne, det er i grannelaget det også, nokre timar med den store, fine bilen og så er vi der.
Épernay
Vi drog til den vesle byen Épernay sør for Reims (Reims skal uttalast Ræ:s - med nasal og uttalt s, det er eit unntak). Her hadde vi bestilt både hotell og middag på restaurant. Nydeleg liten by som altså har ei gate som heiter Avenue du Champagne. Dette er nok den dyraste gata i verda vert det sagt. For her - under gata - ligg det kjellar på kjellar i i mange etasjar langs heile vegen - med millionvis flasker champagne. Så Kirkegaten og Rådhusplassen i Monopol vert bare for eit usle smug å rekna i forhold til dette.Meir vinmark |
Vinkjellaren hos Moët &Chandon |
Mange kilometer kjellar i fleire etasjar her.
Prosessen
Det tar tid å laga champagne. Druene må pressast forsiktig, slik at fargestoffa frå skalet ikkje kjem med i safta. Så vert det laga vin - vanleg kvit vin (eventuelt rosé for avvikarar som vil ha pink champagne...). Vinen vert tappa på flasker etterkvart , og SÅ tilset dei ekstra gjær og sukker for å laga boblene. Flaskene vert kapsla med vanlege bruskapslar. Sidan tilsetjinga av gjær og sukker skapar grums og botnfall i champagnen, må flaskene vendast. Det er ein langSkilt frå Hautvilliers som syner heile prosessen |
Hautvilliers
Gate i Hautvilliers |
Gamle nydelege hus, smale krokete gater, mange champagneprodusentar, og bølgjande vinmarker ikring. Innhaustinga - les vendanges - var i gang, og folk hadde det travelt, men vi fekk besøka eit lite champagnehus som bare lagar 30 000 flasker i året. Dei hadde ei gammaldags trepresse til druene sine og
Trepresse til druer |
Reims
har også mange champagnehus, men sjølv tenkjer eg helst på katedralen når eg tenkjer på Reims (Ræ:s), også Jeanne D'Arc sjølvsagt. I denne praktfulle katedralen fekk ho krontDen smilande engelen - kvifor smiler han? |
Seinare var ho med på å føra den franske hæren i fleire vellukka slag mot engelskmennene. Det var hundreårskrigen dette.
Ho vart seinare selt for 10 000 livres (gammal fransk mynteining) til dei engelske okkupantane som fekk henne dømt for kjetteri og brent levande på torget i Rouen. Ho vart helgen i 1920. På grunn av alle rettspapira frå saka mot henne, og at kyrkja rehabilterte henne alt i 1456 (saksbehandlingsfeil!), veit vi mykje om korleis livet var i mellomalderen.
Det var messe og korsong då vi var der, vi er heldige sånn, ein praktful katedral.
Frå cava til champagne og tilbake igjen
Katedralen i Reims |