Det vert aldri nok Paris for oss, så 18. mai om morgonen var vi på plass på Thalys att mot Paris.
Montmartre
Vi kom inn på Gare du Nord tidleg på morgonen, sette frå oss kofferten og vandra oppover motSacre Coeur |
Vakkert var det, og haugar med turistar på alle kantar. Utsikten er ogå storslegen.
Vi sette oss på ein kafé, drakk kaffi og såg på folk. Tusla vidare rundt og såg på kunstnarane som arbeidde.
Utsikta frå Sacre Coeur |
Frå ein koseleg kafe på baksida av Sacre Coeur |
La Defense
til La Defense med La Grande Arche bilete frå Pinterest |
Er van med å få billettar på e-post med strekkodar som eg kan skrive ut sjølv på skrivaren, men slik var det ikkje her. Denne kunne bare hentast i obskure varehus utanfor by'n synte det seg, pluss Virgin Mega store på Champs Elysées. Resepsjonistdama på hotellet var veldig hjelpsam med å finna ut kor vi kunne henta desse billettane. Då vi kom til Champs Elysees og fann Virgin Mega store, synte det seg at dei skulle leggjast ned, og slett ikkje kunne gi oss billettane våre, men vi kunne jo bare ta metroen til La Defense, sa Virgin-dama, rett borti høgget her (ho sa det på fransk då).
Vi vurderte litt fram og tilbake, men drog opp - det var eit godt stykke med metroen.....
Blomstermarknad |
Louvre
Louvre sett gjennom pyramiden |
Det var kø langt rundt hjørnet, og vi sklei rett forbi. Ja, vi såg La Joconde, saman med alle dei andre. Og då det var gjort var det nok av annan kunst å sjå. Mykje vakkert, men ein bør setja av mykje tid der.
Kontrasten mellom den moderne glaspyramiden der inngangen er, og dei gamle bygningane ikring er også spennande.
Le Marais
- er eit dønn sjarmerande strok i Paris med små butikkar, små kafear, spennande klede, vintagebutikkar og allslags.Veldig kult då - er det hipster det heiter?
Her kom paraplyane fram, for vel aldri å bli slått heilt saman att.
Notre Dame
Rett ved Notre Dame er det fuglemarknad og blomstermarknad om søndagen. Fuglar i ale slags fargar som kvitra og song, og så blomstene då.Det var også kjempekø av besøkande framfor Notre Dame, men vi bestemte ganske raskt at vi ville på på pinsemesse, og sidan vi skulle på messe var det slett ingen kø og vi fekk koma rett inn.
Veldig fin korsong, og ein sopran som vekselsong med kor og kyrkjelyd, ho hadde ein fantastisk stemme. Vi fekk tekst og liturgi utdelt på fransk og engelsk, og det var moro å samanlikna med den norske bibelteksten tykte eg.
Le Train Bleu
Champagnemeny valde vi med ein haug med små og store rettar og champagne til. Jysla godt, det tykte tenåringen også, (ho fekk eit halvt glas i høve dagen).
Litt interiør fra Le Train Bleu |
Etterpå regna det endå meir. Det var vel romantikken som slo inn for fullt, tenkte vi, men vi kunne kanskje greidd oss med litt mindre vatn.
Veldig fin tur, og vi kjem att til sommaren!
Kviss- eller spørjekonkurranse
1. Woody Allen har laga ein film om Paris? Tittel? Kven -tidlegare fotomodell nå frue til (kven?) - spelar ein viktig birolle her?2. Woody Allen har laga minst to filmar til der byar er viktige "medspelarar",om dei ikkje alltid er nemnde i tittelen. Namn på to av dei?
3. Meir film. Ein fransk film frå nyare tid (2001) utspelar seg på Montmartre. Kva heiter hovudpersonen i filmen (vil ha førenamn og etternamn)? Arbeidsplassen til hovudpersonen er også viktig i filmen. Namnet på den?
4. Kven sa i si tid "Paris er vel ei messe verdt"? Når og kvifor i all verda sa vedkomande det?
5. Verset
"På en gris på en gris
vil jeg ride til Paris.
Det vil ta noen år
men jeg tror nok at det går"
er del av ei samling rim og songar for barn. Norsk tittel? Det er gjendikta frå eit anna språk, kva for eitt? Kven har gjendikta desse versa til norsk?
6. Gastronomisk. Kva kallar ein på fransk slike smårettar som ikkje vert rekna som forrettar, men er ennå mindre? Morosamt namn.
Svar kan de leggje inn i kommentarfeltet.