Her ser det dung-beetlen under den digre kula han har laga. |
Dung beetle
Denne her for eksempel: brukar heile livet sitt på å laga digre kuler av ei blanding av jord og møkk.Egyptarane kalla billa for skarabé, og for dei var ho hellig. Kula var symbolet på solguden Ra.
Kvifor ho gjer det? It's what he's doing sa Ben, guiden vår. Men poenget er visstnok at dei legg egga sine inni desse digre kulene. Godt gjort då? perfekt kuleform
og mykje større enn billa.
Vortesvin
er koselege dyr. Dei har sentrale rollar i nokre sånneVortesvin |
Pene og stygge dyr?
Flodhestar gjer heller ikkje så mykje trur eg. Lever livet i eit eit evig badeland, koser seg i søla med heile familien, er såpass store og tunge at det skal litt til å gje seg på dei. Det var ein krokodille her i dammen, men den prøvde seg ikkje.Flodhest |
Flodhestar er vel ikkje akkurat så pene, men dei er jo sjarmerande då.
Eit dyr eg har problem med
er hyena, ho er jysla stygg. Ofte vanskelege å få auga på, men denne her gjekk rett over vegen for oss.
Dei er heilt klart nyttige dyr, rydder opp etter dei store rovdyra, åtseletarar.
Hyene i Ngorongorokrateret |
Fuglar
Gribbar er også åtseletarar. Vi såg nokre som venta på at ein gepard skulle bli ferdige med hovudretten. Vi møtte the Ground Hornbill ein fugl som spaserte sedat gjennom landskapet, og struts sjølvsagt. Eit vatn med ei sky av rosa flamingoar i Ngorongorokrateret var fantastisk vakkert. Og denne litt skumle Marabou-storken møtte vi på ein rasteplass.Maraboustork |
Vi pleidde få konfektøskjer av onkelen vår med sånn maraboustork på. Er det same storken Freia bruker trur de?
Meir løver
Løvinnene jakter i flokk, hanløvene tar seg ut.Dei kan andre ting også, klatre i tre for eksempel som andre kattar.
Eller bare ta det med ro - som andre kattar...
Lurer på om dei kan mala?
Løver som slapper av . Ngorongorokrateret |
Løve som klatrar Serengeti |
Fleire løver som klatrar |
men vi då?
Fimfotograf med nytt videokamera, vi må få redigert det han filma. Må lesa bruksanvisningen. |
Folk vi møtte var svært venlege og hyggelege. Tanzania satsar på turisme, og folk verka optimistiske og hadde tru på framtida, sjølv om mange slett ikkje hadde det så bra materlt.
Ikkje blei vi sjuke, god mat fekk vi, og blei tatt vare på på alle vis. Spelte kort om kvelden før vi kraup inn under myggnettingen. Fleire i familien fekk myggstikk trass i myggmiddel, men vi tok malariatablettar så det går vel bra.
Kortspelrepertoaret er ikkje overveldande: Casino og Spardame, vi må heilt klart utvida repertoaret etterkvart, men vi speler bare kort når vi er saman på ferie, og har liksom vakse frå vriåtter.
Rart å vera utan mobil og PC så lenge, men det gjekk bra også.
Vi lærte oss fleire ord på swahili:
hei= djambo
tusen takk = a sante san
Familiebilete frå toppen av Serengeti 2300 m over havet |
farvel = kwaheri
reise=safari
- har litt att før vi snakkar språket flytande, ja.
Dei skriv nokså lydrett, så uttalen er ikkje vanskeleg. Swahili er eit bantuspråk som har utvikla seg med lånord frå arabisk, engelsk og portugisisk. Det er nasjonalspråk i Kenya og Tanzania, og blir forstått i store delar av søraust-afrika, eit særs nyttig språk altså.
Då vi kom heim 31. desember var det både nyttårsafta og julegåver same kveld.
Standsmessig meny også: vi starta med champagne og foie gras, og følgde opp med pølser og potetstappe. Godt å koma heim også.
Og eit siste farvel til sjiraffane i Serengeti, og til ein liten sebra:
.