søndag 26. mai 2013

Paris er romantisk i regn

Dei seier så, også i den der Woody Allen filmen de veit.
Det vert aldri nok Paris for oss, så 18. mai om morgonen var vi på plass på Thalys att mot Paris.

Montmartre

Vi kom inn på Gare du Nord tidleg på morgonen, sette frå oss kofferten og vandra oppover mot
Sacre Coeur
Sacre Coeur og Montmartre i solskinet.

Vakkert var det, og haugar med turistar på alle kantar. Utsikten er ogå storslegen.
Vi sette oss på ein kafé, drakk kaffi  og såg på folk. Tusla vidare rundt og såg på kunstnarane som arbeidde.
Utsikta frå Sacre Coeur












Frå ein koseleg kafe på baksida av Sacre Coeur

La Defense 

 til La Defense med La Grande Arche
bilete frå Pinterest
Smarte som vi var, hadde vi kjøpt billettar til Louvre  på førehand på nettet. Eg har vore mange gonger  i Paris, men aldri vore i Louvre fordi museet er så digert, og eg aldri har sett av tid til det, men nå skulle vi gå.
 Er van med å få billettar på e-post med strekkodar som eg kan skrive ut sjølv på skrivaren, men slik var det ikkje her. Denne kunne bare hentast i obskure varehus utanfor by'n synte det seg, pluss Virgin Mega store på Champs Elysées. Resepsjonistdama på hotellet var veldig hjelpsam med å finna ut kor vi kunne henta desse billettane. Då vi kom til Champs Elysees og fann Virgin Mega store, synte det seg at dei skulle leggjast ned, og slett ikkje kunne gi oss billettane våre, men vi kunne jo bare ta metroen til La Defense, sa Virgin-dama, rett borti høgget her (ho sa det på  fransk då). 
Vi vurderte litt fram og tilbake, men drog opp - det var eit godt stykke med metroen.....

La Defense er hypermoderne arkitektur, glas og stål og fantastiske, storslegne linjer. Dei kliner til desse franskmennene, det skal dei ha. Vi er eigentleg glade for at vi drog, det var så annleis og imponerande. Europas største kjøpesenter på 80-talet,  les Quatre Temps, var der, vi tykte det var ganske stort nå også. La Grande Arche de la Fraternité - brorskapsbogen, kan vi kalla den, var imponerande. Det er ein slik akse frå La Defense der du ser Trumfbogen og vidare mot obelisken på Place de Concorde.
Blomstermarknad
Tenåringen fann sminkebutikken ho var ute etter med ein gong, eg fann butikken der eg kunne henta billettane til Louvre etterkvart. 


 

 

 

 

 

 

 

Louvre

Louvre sett gjennom pyramiden
Då vi kom dit, var vi jo for så vidt glade for at vi hadde desse billettane då.
 Det var kø langt rundt hjørnet, og vi sklei rett forbi. Ja, vi såg  La Joconde, saman med alle dei andre. Og då det var gjort var det nok av annan kunst å sjå. Mykje vakkert, men ein bør setja av mykje  tid der.
Kontrasten mellom den moderne glaspyramiden der inngangen er, og dei gamle bygningane ikring er også spennande.




Le Marais

- er eit dønn sjarmerande strok i Paris med små butikkar, små kafear, spennande klede, vintagebutikkar og allslags.
Veldig kult då - er det hipster det heiter?
Her kom paraplyane fram, for vel aldri å bli slått heilt saman att. 



Notre Dame

Rett ved Notre Dame er det fuglemarknad og blomstermarknad om søndagen. Fuglar i ale slags fargar som kvitra og song, og så blomstene då.
 Det var også kjempekø av besøkande framfor Notre  Dame, men vi bestemte ganske raskt at vi ville på på pinsemesse, og  sidan vi skulle på messe var det slett ingen kø og vi fekk koma rett inn.
Veldig fin korsong, og ein sopran som vekselsong med kor og kyrkjelyd, ho hadde ein fantastisk stemme. Vi fekk tekst og liturgi utdelt på fransk og engelsk, og det var moro å samanlikna med den norske bibelteksten tykte eg.



Le Train Bleu


er ein restaurant som ligg på Gare de Lyon med eit  overdådig interiør. Her var det vi bestemte oss for å feira 24-års bryllaupsdagen vår. Vi har vore her før for ca 15 år sidan
Champagnemeny valde vi med ein haug med små og store rettar og champagne til.  Jysla godt, det tykte tenåringen også, (ho fekk eit halvt glas i høve dagen).




Litt interiør fra Le Train Bleu

Etterpå regna det endå meir. Det var vel romantikken som slo inn for fullt, tenkte vi, men vi kunne kanskje greidd oss med litt mindre vatn.

Veldig fin tur, og vi kjem att til sommaren!













Kviss- eller spørjekonkurranse

1. Woody Allen har laga ein film om Paris? Tittel? Kven -tidlegare fotomodell nå frue til (kven?) - spelar ein viktig birolle her?

2. Woody Allen har laga minst to filmar til der byar er viktige "medspelarar",om dei ikkje alltid er nemnde i tittelen. Namn på to av dei?

3. Meir film. Ein fransk film frå nyare tid (2001) utspelar seg på Montmartre. Kva heiter hovudpersonen i filmen (vil ha førenamn og etternamn)? Arbeidsplassen til hovudpersonen er også viktig i filmen. Namnet på den?

4. Kven sa i si tid "Paris er vel ei messe verdt"? Når og  kvifor i all verda sa vedkomande det?

5. Verset 
"På en gris  på en gris 
vil jeg ride til Paris.
Det vil ta noen år
men jeg tror nok at det går"


er del av  ei samling rim og songar for barn.  Norsk tittel? Det er gjendikta frå eit anna språk, kva for eitt? Kven har gjendikta desse versa til norsk?

6. Gastronomisk. Kva kallar ein på fransk slike smårettar som ikkje vert rekna som forrettar, men er ennå mindre? Morosamt namn.

Svar kan de leggje inn i kommentarfeltet.

torsdag 23. mai 2013

Har dei 17. mai i utlandet då?

Vestfold- og Gudbrandsdalsbunad
Nei, dei har vel eigentleg ikkje det. Vanleg dag og sånn. Eg tok permisjon frå fransken min på fredag for å feira 17. mai med den norske kolonien i og omkring Waterloo og Brussel.

Frukost på sjømannskyrkja

Skikkeleg herleg frukost og fin gudsteneste på sjømannskyrkja  i Waterloo.
 Mykje godtfolk i gilde stasklede - så mange fine bunader! Og glade barn som fauk omkring. Slik  17. mai skal vera.
Her har vi i alle fall ein sunnmørsbunad i midten,
Ser de kor staseleg og rett i ryggen ein vert med bunad?






Tog og talar på SSB 

 

 


Spreke russ,  Nora Menous-Moland og Christina Coldevin
Leikar og talar og tog på den skandinaviske skulen, SSB der tenåringen går i 1. gym.
Regnet hølja ned og det var kaldt. Slik sett var det heimsleg, sjølv om alle i Waterloo tykte det var kjekt at det var fint ver i Noreg. Vi unner dykk det, snøen låg vel framleis i ei og anna nordhelling den dagen?

Musikken var ved det belgiske tollvesenet sitt musikkorps. Dei spelte framifrå - Heel moi! skrytte eg (Flamsk dette korpset då) . 

Det var veldig kjekt for ein korsongar som saknar koret sitt voldsomt, å få ta heile 17. mai-repertoaret to gonger. Først på sjømannskyrkja med orgel og så på SSB med korps.
 Det belgiske korpset hadde til og med truffe toneleiet på "Ja vi elsker" så det blei heilt greitt for ein middels sopran. "Norge i rødt, hvitt og blått" bør  kanskje nokon vurdera teksten på, den var nok veldig grei i 1945, men nå er eg jammen ikkje heilt sikker lenger.


 To-tre russ hadde vi også med oss, dei såg friske, opplagde og spreke ut, litt uvanleg i forhold til mesteparten av russen heime tenkjer eg.


Toget går..

 17. mai i utlandet


 er kjekt.Vi har jo gjort det nokre gonger før, og tykkjer det er  fint. Vi opplever at vi blir sveisa saman, og at alle er med. 

For ein del år sidan då vi budde i Nederland fekk vi rett nok nokre rare blikk då vi gjekk i 17-mai tog ein søndag i parken i Rotterdam. Då var det sol og 26 grader og folk var på kafé. 






..og går i plaskregnet
Dei lurte vel på om det var eit karnevalsopptog som passerte, denne rare gjengen i merkelege, gammaldagse  ullklede.



Men denne 17. mai dagen var varm ull pluss rikeleg med regntøy verkeleg nødvendig. Men det var ei fin feiring.
 



Og den 18. tok vi toget til Paris!

mandag 13. mai 2013

Mauvaise herbes - ugras!

De hugsar


La pelouse -cherie?

for at  la pelouse skal vera ein pryd i bygda må han vera tett, grøn  og fin utan ugras og mose.
Iallefall  nokså einsfarga grøn..

Dette - gode vener - er ikkje så lett. Noko som trivst veldig godt i leira vår er løvetann. Gul og fin står han der og struttar midt på plenen. Når mannen kjem med grasklypparen dukkar han og legg seg flat. Når så mannen er ferdig  med å klyppa plenen reiser han  stolt og uovervinneleg det gule bustehovudet sitt.


Kill kill

Dei ler av meg - de ser det?
tenkjer eg. Ut med løvetannstikka og reinskar heile forhagen for gule blomar. Den eine naboen sprøyter med gift, men eg meiner vi må passe på biene våre, og bruker heller nokre timar med stikka. 
Han der fyren i gresk mytologi som rulla stein opp på ein haug hadde vel for så vidt ein grei jobb i forhold til meg.
 Ein halvtime etter at eg  meiner forhagen er grei, har dritvondt i ryggen og knapt kan reisa meg, står dei der igjen. Gule og frekke - dei gliiiiser av meg.



Fransk då

På fransk heiter løvetann rett og slett "Pissenlit" - de kan kanskje gissa dykk til tydinga av dette ordet sjølv om de ikkje har hatt fransk på skulen?  Det  tyder rett og slett "tisse i senga".
Då viser det til korleis planten virker medisinsk, nemleg urindrivande eller diuretisk.


Løvetann - rart namn då.

 På latin heiter planten Taraxacum officinale, på engelsk dandelion. I følgje min engelske dictionary viser namnet til gammal engelsk innlån frå fransk dent -de-lion,  frå latin dens leonis - som tyder løvetenner. Dette skulle visa til dei taggete løvetannblada. Mitt franske leksikon frå 1930-talet nemner også eit slikt namn: dent-de-lion, men det er lite brukt trur eg.

If you can't beat it  - eat it?

Nye, spede blad kan brukast i salat. Litt bitter smak, men den kan kanskje erstatta ruccola.
Blada inneheld vitamin A og C, niacin og ei rekkje mineral. Dei lange pælerøtene kan tørkast og malast til kaffierstatning, det er røtene som verkar urindrivande.
 I følgje urteboka mi skal dei  også stimulera galleproduksjonen og vera bra  ved revmatiske plager, mot urinsyregikt, eksem, forstoppelse og svevnløyse. Tørka løvetannrot "Radix Taraxicum" får du kjøpt på apotek som har slikt.
Elller de kan koma hit til meg og dra dei opp sjølv!
Bustehovene kan de leggja vin av.
 Løvetannvin har eg ganske god, for ikkje å seia inngåande erfaring med frå ungdommen.

Pent ugras 

Pent ugras
Finst sjølvsagt også. Og hadde hagen min vore full av desse blå,  vakre blomane  her ville eg ikkje løfta ein finger.





Kviss - spørjekonkurranse

1. Kva heiter løvetann på jærsk? I alle fall då eg var liten. Nokon forklaring på dette namnet?

2. Han mannen i gresk mytologi som dytta ein diger stein opp ein bakke, og så rulla steinen ned att, kva heitte han? Og kvifor i all verda gjorde han dette?

3.Kva heiter  den pene blå ugraset på biletet til venstre? Er det ein nyttevekst, kan det brukast til noko?



4. Namn på anna forhatt ugras som det er svært vanskeleg å bli kvitt, men som også kan etast. Planten blei sannsynlegvis innført til landet som medisinplante i middelalderen, men blir svært lite bruk i urtemedisin nå. Gjerne namn både på norsk og latin, planten har mange namn på norsk.

5. Namn på anna vanleg ugras som kan etast, brukast til gjødsel og som du også kan laga tråd av?

Svara legg de inn i kommentarfeltet.








 

tirsdag 7. mai 2013

Alt som er fint og kjekt

I dag vil eg syna fram bare slikt eg tykkjer er fint og kjekt, slik som


Dei kongelege drivhusa

som høyrer til slottet i Laeken som ligg ved Atomium nordaust i Brussel. Desse drivhusa held ope for oss vanlege folk to veker i året. Der var vi ein søndag, fint ver og mykje folk.
Rett ved Atomium. Atomium er bygd i 1958 - tøff då?
Eit rart monument over einkvan mannen. Det stod ein statue av ein mann inni, men ikkje om vi kunne lesa oss til kven det kunne vera
Viktorianske drivhus er så fine.
Fredsliljer dette ?  Zantedeschia?
Også inne frå drivhuset - jysla mykje folk bare ikkje akkurat her

Sosietetsnytt, kjendisar, glamour

Mange lurer på korleis det er å gå på mottakingar og sånn. Nokre gonger kan det  vera slik:
Rett opp og ned over ein time, tre likelydande talar på fransk og litt nederlandsk


 Presangar

er alltid gildt og koseleg, bursdagspresangar ikkje minst. Her er den eg fekk frå mannen. Han tok gravearbeidet sjølv denne gongen . Ønska meg eit tre, og fekk ein røsleg rhododendron. Den har nett begynt å opna knoppane, rosa mot kremfarga - store blomar.
Håper den blomstrar godt og gler oss resten av tida vi skal vera her.


mandag 29. april 2013

Vakkert begynner med B

 I alle fall på fransk beau og belle og sånn - sjølvsagt uregelmessig.

 

Brügge for eksempel
På veg inn i byen

Detalj på fasade
eller Bruges som det også heiter. Ja vi har vore der før, men det ligg bare ein togtur unna. Og når det vårest etterkvart er Bruges så vakker så vakker.  
Kanalane og alle dei fine fasadane, dei rare detaljane du legg merke til når du kikkar litt opp i veret,  og bruker litt tid. Som vi hugsar frå historia er dette ein av dei største og mest framgangsrike byane i Flandern på 1400 talet til elva blei slamma igjen.
Hundeliv
 

Sint-Janshospitalet
Beguinage-museet i Bruges
Byen hamna i ei bakevje som har virka  konserverande. I dag er byen reine museet - omtrent som Lillesand der ingen ting heller eigentleg har skjedd sidan seilskutetida



Blåskogen

Er ein skog der det veks ville hyasinter om våren. Der var vi i helga.
Deter ikkje langt dit, men kronglete.  Den store bilen med elektronisk dame inni, fann vegen heilt fram, sjølv om det sant å seia var så smalt at det var bare så vidt vi smaug nokre stader. Andre stader måtte vi rygga når vi møtte ein annan bil.


Dei blåklokkeliknande
ville  hyasintane dekte
Detalj av blomane


bakken saman med kvitveis. 
Nyutsprunge bøkelauv  silte sollyset ned på blomane på bakken.


 Også dufta det - ikkje så sterkt som kultiverte hyasinter, men det lukta godt.

Blomstringa varer omkring to  veker om våren, vi er glade for å ha opplevd det.
Anna vakkert som begynner på B?

lørdag 20. april 2013

Napoleon og alt det der - nokre presiseringar

Vi bur i nærleiken av det jordet der Napoleon opplevde sitt siste store nederlag.


På slagmarka- men kor?

Hatten under armenbilete frå
investerarcitat.se
Der stod han då, på slagmarka - og nå snakkar vi ikkje om badet til tenåringen -  med den eine handa litt inni frakken, og den litt rare trekanta hatten han likte så godt. Han hadde laga mange slike hattar av avispapir ("Le Corse")   då han var liten, og hadde forbanna seg på at dette skulle det bli mote av.
 Men kor stod han? Han stod aldeles ikkje i Waterloo - jordet der slaget stod ligg i Braine l'Alleud (skal uttalast Bræn Lalød). Der stod han og nynna på slageren :

Braine l'Alleud 
je suis defaite,vous gagnez le guerre
Braine l'Alleud
Finalement je trouve mon Braine l'Alleud
oh oh oh oh

Men det svingte ikkje heilt.
Språkmektig var han jo. Og Braine l'Alleud heiter Eigenbrakel på néerlandais - sjølvsagt så totalt forskjellig at du må vita om det for å vita at det er same staden.


Eigenbrakel
Ik ben geslagen U wint het oorlog
(gjekk ikkje i det heile på flamsk.)

Han kikka rundt seg og såg skiltet til nabobygda Waterloo i nord.
"Waterloo" tenkte Napoleon , "her har vi noko! Kanskje engelsk funkar?"
Og resten er historie:

Waterloo
I was defeated .- you won the war
Waterloo
finally facing my Waterloo
oh oh oh

Wellington derimot

Han med gummistøvlane - sikkert naudsynte i denne leirete gjørma - han overnatta på gjestegiveriet her i Waterloo. Det er museum nå, vi har ikkje vore der ennå, men vi skal.

 Rykter og baksnakking

Napoleon var ikkje spesielt liten  av vekst- dette er sleip baksnakking frå engelskmennene si side - han var middels høg for si tid. Han laga sannsynlegvis ikkje napoleonskaker heller, men han må ha vore ein fantastisk karismatisk mann, med usedvanlege talegåver for å greia å koma tilbake og å samla ein hær på den måten han gjorde.

 


Spørjekonkurranse eller kviss.

1. I juni i 1815 hadde Napoleon kome hit til dette jordet frå ei øy der han var i eksil.
Kva heitte denne øya?

2. Kva slags dessert er det som rimer på namnet på denne øya? Kan det gje meg oppskrifta eller i det minste nemna hovudingrediensane.

3. Popbandet Abba vann Melodi Grand prix med låta Waterloo eit år.  Kva for eit år?
Butte de Lion
Hadde dei tidlegare prøvd seg med låtar til Grand prix - i tilfelle kva slag låt og når?


4. I 1815 fanst ikkje Belgia som stat. Kven var det som herska over dette området då? Kva var nåverande Belgia ein del av?

5. For Noreg er jo 1814 eit viktig årstal, og det var det jammen for Napoleon også. Kva slags stort slag var det han tapte då - som  sendte han eksil på øya vi vil ha namnet på  i første spørsmål? ( Dette slaget hadde større politisk betydning, men er ikkje blitt noko symbol for nederlag på same måte som slaget ved Braine l'Alleud. Ikkje ein einaste song om dette slaget heller.)

6. Kjent dikt/song inneheld denne strofa:   ...han dør dog ensom på.... Kor døydde Napoleon Bonaparte. Kva for dikt er strofa henta frå (namn på diktet)? Forfattar ?

Svar i kommentarfeltet nedanfor.


onsdag 17. april 2013

Femmes au foyer - fidelité

Rett omsett er det om husmødre  og truskap, men nå er det truskap mot butikkane det handlar om. Eg har lagt ved nokre bilete av blomar og grasklypp - det vert etterkvart vår her.


Carte de fidelité - generelt

Eg har ein haug med kort. Kort hos Carrefour, Plus-kort hos DelHaize og Di, kort frå diverse
Mannen klypper plen - laurdag

parfymeri eg sjeldan bruker. Kort på apoteket der dei har så gode sjampoar og eg får så mange prøvar. Kort hos frisøren der eg går for sjeldan, og som farger håret mitt i rare raudfargar.

Ja, det vert definitivt veldig kort hår frametter, her snakkar vi om både språkvanskar og kulturforskjellar..


Carrefour - spesielt


 Det einaste eg alltid hugsar å bruke er Carrefour-kortet for der handlar eg daglegvarer, og eg er der ofte.
Der har dei også andre kort. Eg har brødkort som eg stemplar kvar gong eg kjøper brød.. Kvart ellevte brød er då gratis, men ikkje alle slag. Det gjeld dei små formbrøda. 
I tillegg har dei alle slags promotions og slikt. Fram til mai har eg eit kort eg stemplar kvar gong eg har handla for 25 euro, når kortet er fylt opp får eg ei flaske vin - en heilt grei bordvin. Eg har fått nokre slike - kjekt det for ein nordmann å FÅ vinflasker på butikken.

I tillegg  får eg poeng kvar gong eg handlar der. Nå har eg vel drygt 5000 poeng eller noko, men dei veit eg ikkje heilt kva eg skal gjera med.

Men timbres derimot

Store og små handkle - 70% avslag -
vaskekluter følgjer også med
Timbres kjære vener, eller zegels på néerlandais, eller klistremerker på norsk, det er sånne du får når du har kjøpt for eit visst beløp. Så klistrer du dei på eit ark  -   "Noko må dei finna på"  - som svigermor mi ville ha sagt det. Her har eg full kontroll! 
Når arket er fullt kan du kjøpa ting til ein billig penge, for eksempel kasserollar eller fine handkle.
Eg har kjøpt både kasserolle og mange fine handkle.
Fargane -  krem og mørk grå er kanskje ikkje så livlege, men er resultat av eit kompromiss i heimen: mannen liker ikkje lilla og turkisfargen dei tilbaud var ikkje pen.






Tid tar det

Det å handla på butikken tar sjølvsagt ein del tid. Ein skjønar jo at dei forskjellige promotions
Ville påskeliljer i skogen
må vegast opp mot kvarandre og diskuterast - kva er det beste for meg? Mange har også einslags matsjekkar dei handlar med, alle desse lappane skal jo registrerast og leggjast ned i forskjellige lommar og poser. 

Kassadamene er ekspertar på alt dette, og tek seg i tillegg også alltid tid til å prata litt ekstra med folk dei kjenner, kyss på kinnet og ça va?
I byrjinga hadde eg det travelt og tykte det var ineffektivt, nå pusta eg med magen og tykkjer det er ganske hyggeleg. Vi helsar alltid på folk på butikken - bonjour med eit smil og au revoir når vi går med varene våre, kjekt det.