Tønnes griller |
Bare ein pakke att på julekalenderen på veggen,og nå skøyter vi inkje og kjører tre stk praliner. Alle barna er heime og får kvar sin når dei omsider står opp i dag. Praliner som de lærte om i førre blogginnlegg, vart oppfunne av Neuhaus, som opprinneleg var frå Sveits, og opna butikken sin i Brussel i 1857. Han var også apoteker og laga medisinar, drops, og bitter sjokolade. Barnebarnet hans oppfann i 1912 den første pralinen - sjokoladekonfekt med mjukt fyll, og resten er historie.
Vi har kjøpt marsipansnømann frå Neuhaus til den som får mandelen i år, grisen var utseld.
Pinnekjøtet er flybore frå Ultra i Sandvika. Kålrabien er rapportert om tidlegare i detalj, storparten er flyboren frå Trondheim og Bergen. Poteter og anna greier vi her. Første dag vert det hjortesteik i raudvin og pærer i raudvin til dessert, kjekt med matlaging med vin med slike vinprisar. Andre dag jul er butikken open.
Juletreet bar vi heim frå skogen for ei veke sidan.
Ungane er heime og poserer ved treet, før første velt. |
Ok - det står nå då. I løpet av eit temmeleg langt liv har eg nå opplevd to juletrevelt på ein kveld, og eg likar det ikkje.
Juletre Brussel |
I Brussel har dei eit litt meir futuristisk juletre. Det er tøft om kvelden, men på dagtid er det litt stussleg.
I dag er det julafta. Pinnekjøtet ligg i bløyt, hjorten ligg i bløyt, juletreet står (nesten) i lodd, Tønnes er på jobb, barna står snart opp, dei har nokre julepresangar som må kjøpast, det skal støvsugast i stova (barnåler!). Eg vurderer å laga peanøttkjeks, og det vert graut (med mandel) når mannen kjem heim. Etterpå vert det tur - vi går alltid tur etter grauten på julafta, slik er det med den saken. Og nå er det 12 varmegrader, litt sol og eg har utmerka julestemning.
Ønskjer dykk alle ei god jul, veit mange kjem på besøk til våren og det gler vi oss til.